Målprisen til Eivind Hasle
- aukan08
- 12. feb. 2022
- 1 min lesing
Eivind Hasle frå Surnadal heimbygdlag fekk på årsmøtet i Nordmøre Mållag målprisen for 2021. Eivind fekk prisen for ein lang og aktiv innsats i målrørsla. Han har mellom anna forfatta historia til fråhaldsrørsla i Møre og Romsdal, skrive jubileumsheftet til Surnadal Kunstlag, halde tallause føredrag og skrive lesarinnlegg i aviser i heile fylket. Han har òg nytta nynorsk i alt sitt arbeid som politikar. Ingrid Kjønnøy, leiar i Nordmøre Mållag, sa dei var glade for å kunne gje målprisen til ein kunnskapsrik, arbeidsam og idealistisk person.

Siste innlegg
Se alleKultur, Nordmøre, nordmøringar frå mange stader, musikk, historie
Velkommen til seminar! Nordmøre Mållag arrangerer motivasjons – inspirasjons – nordmørsseminar for medlemmar og andre interesserte. No...
Prisar på gamle årgangar av «Du mitt Nordmøre» 200 kroner – årets bok (2021) 200 kroner – 1 – 3 år gamle (2020 – 2018) 150 kroner – 4 –...
Comments